UiB Blogg            

Nettverksmøte Bergen/Voss

Nasjonalt medisinhistorisk museumsnettverk

«Frelst fra Døden ved Vita-Bæltet»! Elektroterapi som vare og vitskap i nervøsitetens tidsalder, 1880-1930


Tiåra rundt hundreårsskiftet 1900 vart av legar i samtida ofte skildra som «nervøsitetens tidsalder», også i Noreg. Særleg var nevrasteni – også kalla nervesvekkelse – eit sjukdomsomgrep og ein tilstand som breidde mykje om seg i vestlege land i denne perioden. Tilstanden vart forstått som ei følgje av «tap av nervekraft», mellom anna på grunn av raske samfunnsendringar. Utmatting, hovudpine, muskelsmerter, sømnvanskar og mageplager var blant dei mest typiske symptoma.

Blant dei mest populære behandlingsformene ved nevrasteni var ulike variantar av elektroterapi. Slik behandling vart praktisert av både autoriserte og uautoriserte behandlarar. I tillegg hadde dei sjuke gode moglegheiter til på eiga hand å anskaffe seg elektriske remedier til sjølvhjelp mot svake nervar, ikkje minst når det gjaldt såkalla elektriske belte. I dette innlegget vil eg, med utgangspunkt i ei rettssak mot ein beltefabrikant i Kristiania, sjå nærare på korleis elektroterapi vart forstått og praktisert av både autoriserte og uautoriserte behandlarar i nevrastenidiagnosen si stordomstid i norsk samanheng. Eg vil også gje eit innblikk i korleis marknadsføringa av elektriske belte og liknande sjølvhjelps-remedier gjekk føre seg, og korleis pasientane sjølve opplevde slik behandling.

 

Kristine Lillestøl er for tida lege i spesialisering i medisinsk genetikk ved Oslo universitetssykehus. I perioden 2013-2017 var ho postdoktorstipendiat i medisinsk historie ved Universitetet i Oslo, med eit prosjekt om nevrastenidiagnosens historie. Ho har tidlegare skrive om fleire medisinhistoriske emne, mellom anna om tilhøvet mellom autoriserte legar og såkalla «kvakksalvarar» i Noreg på slutten av 1800-talet.