UiB Blogg            

Nettverksmøte Bergen/Voss

Nasjonalt medisinhistorisk museumsnettverk

Aseptikk/ antiseptikk: Demonstrasjon av eldre steriliseringsutstyr frå illeluktande karbol-apparat til instrumentkokar og formalinskåp


Bruk av karbol-apparat i dei tidlege dagane til Josef Lister’s aseptikk frå 1870-åra og fram til innføring av antiseptikk med koking og damp vert synt fram gjennom gjenstandar fram til tidleg på 1900-talet frå Dr. Lærums Medisinske Samlingar. Det er viktig at deltakarane får høve til å sjølv ta på gjenstandane og utforska dei.

 

Ole Didrik Lærum er lege, patolog, professor på deltid ved Københavns Universitet, og fast busett på Voss, der han er leiar for prosjektgruppa for Tbc-formidlingssenteret. Dessutan har han eit privat museum i gamle doktargarden knytt til ålmennpraksis i tidlegare tider: Dr. Lærums Medisinske Samlingar, etter fleire generasjonar av legar før seg. Han er også forfattar /medredaktør på fleire medisinhistoriske bøker og har dessutan skrive talrike artiklar om emnet