UiB Blogg            

Nettverksmøte Bergen/Voss

Nasjonalt medisinhistorisk museumsnettverk

TBC-utstilling på Bjørkeli, Voss


N.K.S. Formidlingssenter for Tuberkulose på Bjørkeli, Voss har som føremål å gje ålmenn informasjon om sjukdommen tuberkulose i fortid og notid. Gjennom helseinformasjon og oppleving i historiske omgjevnadar  vil ein syna fram folkekampen som pågjekk i Noreg fram til 1970-åra og korleis sjukdommen vart overvunnen. Det omfattar også ei synleggjering av korleis sjukdommen i si tid påverka heile samfunnet i Noreg og  innsatsen frå private organisasjonar og det offentlege som førde til at kampen mot tbc var vunnen. Ein vil dessutan gje informasjon om det store trugsmålet som tbc representerer i dag, både nasjonalt og internasjonalt. Norske Kvinners Santetsforening, Hordaland krins står bak prosjektet.

 

Utstillingane på senteret representerer ei unik museal samling på 3-4000 gjenstandar frå Bjørkeli tbc-sanatorium, tbc-museet på Glittreklinikken og andre tidlegare sanatorium. Dei er til ålmenn helseopplysing og rettar seg både til helsepersonale, til folk i helseutdanning, og folk flest. Det vert tilsaman 10  rom i dei historiske Kurhallane, i eit forrådshus (resepsjon) og eit bårehus  frå 1904 som no vert rehabilitert. Bårehuset skal ha ei utstilling om døden. Det er for å minnast alle offer for sjukdommen gjennom tidene. Dei tre husa ligg på opphavleg plass på ei naturtomt med ein gamal sti som fører opp til Kurhallane. Planlagt opning er i 2022

 

Ole Didrik Lærum er lege, patolog, professor på deltid ved Københavns Universitet, og fast busett på Voss, der han er leiar for prosjektgruppa for Tbc-formidlingssenteret. Dessutan har han eit privat museum i gamle doktargarden knytt til ålmennpraksis i tidlegare tider: Dr. Lærums Medisinske Samlingar, etter fleire generasjonar av legar før seg. Han er også forfattar /medredaktør på fleire medisinhistoriske bøker og har dessutan skrive talrike artiklar om emnet.