UiB Blogg            

Nettverksmøte Bergen/Voss

Nasjonalt medisinhistorisk museumsnettverk

Farmasihistorie frå Bergen, Norge og verda


Medisin og farmasi er vitskapar som har vandra hand i hand opp gjennom historia, nett slik som St. Kosmas og St. Damian, tvillingbrørne som vart katolske vernehelgenar for høvesvis medisin og farmasi.

Kanskje kan vi òg vera samde om at dagens medisin og farmasi har sitt utspring i folkemedisinen utvikla verda rundt, mellom aboriginane i Australia, i dei gamle asiatiske kulturane, mellom urfolka i Nord- og Sør-Amerika, i landet mellom Eufrat og Tigris,  i det gamle Egypt, i Hellas og i Romarriket, på Finnmarksvidda og langs kysten av Vestlandet.

Dioskorides, romersk feltlege med opphav i Hellas, skildra i sitt store verk ”De materia medica” (Om medisinske substansar) frå ca. år 50 etter Kristus, kring 600 medisinske substansar og kring 1000 ulike legemiddel med desse som innhald.

I Bagdad fanst det apotek frå 700-talet, i Europa først frå kring 1100 i Frankrike, Italia og Kroatia.

I det såkalla ”Salernoediktet” frå kring 1240 kom det til eit offisielt skilje mellom medisin og farmasi sidan det der blir slått fast at ein lege ikkje kan eiga eller driva eit apotek, ei lovgjeving som òg er halden i hevd i våre dagar i og med at personar som kan skriva ut medisin, legar, tannlegar og veterinærar, ikkje kan driva apotek.

Første offisielle farmakopé (oversyn over legemiddel og framstilling av dei) vart publisert i Firenze i 1498, medan den aller første farmasøytiske oppskriftssamlinga vi førebels kjenner til er egyptiske ”Papyrus Ebers ” frå kring 1550 før Kristus. Denne papyrusrullen inneheld ikkje mindre enn 875 reseptar med kring 700 ulike substansar frå plante-, dyre- og mineralverda. Kor gamle dei eldste kinesiske oppskriftsamlingane er, veit knapt nokon.

Norsk farmasi starta i Bergen med forlauparen til det som skulle bli Svaneapoteket, med offisiell status frå 1595. Den storslegne urtehagen til apotekardynastiet de Besche (1688 – 1787) i området der Byparken i Bergen er å finna i dag, var landskjend og unik i sitt slag.

Kring i landet elles vart det så oppretta fleire apotek med sine heilt nødvendige urtehagar. Christiania fekk sitt første apotek, også eit Svaneapotek, i 1628, Stavanger sitt Hygiea i 1650, Kristiansand sitt Elefantapotek i 1651 og Trondheim sitt Løveapotek i 1661, og slik heldt det fram. Det aller første apoteket på landsbygda vart oppretta i Lærdal i 1843.

Skikkeleg frislepp for apoteketablering vart det med ny apoteklov i 2001, då det i praksis vart opna opp for at ”kven som helst” kunne oppretta apotek ”kvar som helst” berre ein hadde nok fagfolk med på lasset. Før lovendringa i 2001 var det 397 norske apotek. 1. mars 2019 er det registrert 941 apotek i Norge.

Eg vil prøva å gje ein ørliten smak på den spennande farmasihistoria, nasjonalt og internasjonalt.

Den kanskje mest dramatiske endringa av farmasøytyrket har gått føre seg i mi levetid. Det farmasøytiske handverket var framleis halde høgt i hevd då eg tok farmasistudiet i Oslo på 60-talet. I dag er farmasien stort sett ein teoretisk vitskap der opp mot 100% av legemiddela er ferdig framstilte, og informasjon om bruk og verknad av desse er mykje viktigare enn kunnskapen om framstillinga av dei.

 

Bjarne Gudmund Thune, fødd i Gulen i Sogn i 1946. Cand. pharm. UiO 1972.

Arbeidsbakgrunn som provisor ved Tvedestrand apotek, Lærdal apotek, Svaneapoteket i Bergen. Apotekar, innehavar, driftskonsesjonær Askøy apotek/Alliance apotek Askøy.

Medansvar for jubileumsutstillinga, Svaneapoteket i Bergen 400 år, ”Extractum” 1995. Deltatt på internasjonale farmasihistoriske kongressar (ISHP) med foredrag sidan 1997. Ansvarleg for Lepramuseets urtehage. Medlem av Farmasihistorisk gruppe, Bergen Bymuseum. Styremedlem i Norsk Farmasihistorisk Selskap 2014 – 2018. Styreleiar for Medisinsk-Historisk Selskap i Bergen sidan 2015.  Medansvar for nettsida Farmasihistorie.com. Underviser farmasihistorie UiB.